Fordi det er kultur eg elskar!

I dag sa eg opp min jobb hos min noverande arbeidsgjevar 24Nettbutikk, med verknad frå 1. januar 2017. Dette er ekstremt vemodig og eg gjer det med svært tungt hjarte. Lat det vere heva over all tvil: Eg har og har hatt det fantastisk bra i jobben som CMO – Chief Marketing Officer – hos supergründeren Robert og hans raskt veksande stab i 24Nettbutikk. Men trass det, og trass i veldig utviklande og lærerike dagar frå første stund, veljer eg altså no å seie opp for etter nyttår å følgje hjartet tilbake til Kolvereid og kulturlivet i Ytre Namdal. La meg fortelje kvifor.

Eg er fødd og oppvaksen på Sunnmøre – nærare bestemt Sula kommune – ei lita øy rett ved Ålesund. Sula er i musikarkretsar aller mest kjent som den lille øya der “annankvar innbyggar blir profesjonell musikar”. Eller i alle fall for å ha oppfostra musikarar, band og musikktalent i verdsklasse i ei årrekke. Ytre Suløens Jazzensemble var blant dei første som viste veg. The Brazz Brothers, Nils Petter Molvær og Annbjørg Lien er døme på andre som faktisk i mange samanhengar er meir kjent internasjonalt enn nasjonalt. Og der er mange, mange fleire.

brazzbros

The Brazz Brothers

Eg tenkjer tilbake på barndommen i Langevåg. Det sitra av spenning då eg fekk utdelt ein klarinett for første gong. Det var Mindor Førde som gav meg klarinetten. Mindor var far til ein Førde-generasjon som har satt preg på sunnmørsk, norsk og internasjonalt musikkliv dei siste 30-40 åra. Og så var det Jens Arne Molvær, som framføre nokon andre var den som lærte meg å spele på klarinetten. Jens Arne er for ordens skuld far til Nils Petter Molvær – som er verdskjent for sin spesielle musikkstil der han blandar trompet med teknologi og moderne rytmer på ein heilt særeigen måte. Men det var først og fremst Harald Førde som skal ha æren for tida eg hadde i Langevåg Skulekorps. Harald – den utrettelege dirigenten som stod på kvar måndag, år etter år. Alt dette har langt på veg sørga for at eg har blitt den eg har blitt. I mykje større omfang enn eg har vore klar over før, trur eg no! 🙂

Sjølv hadde eg den store gleda at eg fekk vekse opp og musisere – to sider av same sak – saman med Kåre Nymark jr. I dag ein av dei fremste trompetarane vi har i Noreg. Kåre har forøvrig i ei årrekke vore fast trompeter i Ytre Suløen, men han har no tatt over trompeten etter Jarle Førde i The Brazz Brothers. Medan Jarle har blitt kultursjef i andre enden av fylket vårt – i Stjørdal kommune. I tillegg har Kåre ei rekke andre prosjekt med diverse musikalske konstellasjonar. Eg er sikker på at dette er det Kåre drøymde om då vi starta i lag i Langevåg Skolekorps på 80-tallet. Og slike drøymar er ikkje uoppnåelege, om forholda ligg til rette!

kare

Kåre Nymark jr.

Som musikar er eg ikkje ein av disse. Eg kunne kanskje vore det, men har valgt andre vegar og prioritert annleis enn dei som satsa. Men eg innser meir og meir at eg er likevel er ein av desse som sulalending. Ein oppvekst med kultur og musikk i alle krokar av livet har prega meg. Mykje meir enn eg hittil har skjøna. Eg er uendeleg takksam for at eg fekk oppleve ein barndom, oppvekst og ungdomstid full av musikk og kultur i lag med massevis av jamnaldra vener.

Det kulminerte med åra på sommermusikkskole i Ørsta (Klarinettmessig har eg mykje å takke Terje Nymark for frå desse kursa!), den fantastiske tida i The Wagga Wagga Band (takk Jan Magne Førde – o store Wagga-pappa!) og til sist storbandet på Sunnmøre som vi sjølve sette saman -“Big Band Blast” (Hei Børre!). Før vi – fleire titals ungdommar frå heile Sunnmøre – som hadde dreve med musikk i lag i heile ungdomstida gradvis flytta litt hit og dit, studerte, stifta familiar og fekk nye interessefelt, omgangskretser og vener.

wagga1

Eit knippe av The Wagga Wagga Band – anno tidleg 90-tal. Gjett kven som er meg? :-)

Det vil seie – først tok svært mange av oss eit år ved Toneheim Folkehøgskole, der musikken fekk vere i fokus 100% av tida i 9 månader. DET var litt av ei oppleving må vite. Det var forresten då eg trefte Kolvereids eigen Brynjulf Flasnes for første gong – ein eg har stor glede av å spele og utøve musikk saman med titt og ofte den dag i dag. Seinare fekk eg også jobb ved denne fantastiske folkehøgskulen og då trefte eg Line-Marit og. Men det er ei anna historie 🙂

Eg har deretter haldt ved like den musikalske interessa mi først og fremst gjennom kor og korps. Til dømes med mykje seminarjobbing og hiphop-ish moro med korps, noko også Kolvereid Skulekorps fekk “gjennomgå” i 2003. (Klikk for å lese Steinar Flasnes’ NA-reportasje frå det). Og no i det aller siste gjennom satsinga vi gjer med Kolvereid Storband og Kolvereidkvintetten.

acid4

Acid Brazz på Kolvereid i 2003 – Det kulaste eg har gjort med korps. Nokon som kjenner seg igjen på biletet btw?

Men sulalendingen har vore med meg heile tida. Og eg innser at eg no – heller enn noko anna – ynskjer å bruke tida mi, engasjementet mitt og kompetansen min på at den oppveksande generasjonen i det som no er heimkommunen min, skal kunne få med seg – i det minste eit snev av – det same som eg har med meg av musikk og kultur i sjela. Fordi dette har vore og er så viktig for meg!

Jaudå, eg var som kjent kritisk til at vi dei siste åra har sett store nedskjæringar og nedprioriteringar av kultur- og ungdomsfeltet i Nærøy kommune. Dette oppgav eg i ein tidlegare blogg som kanskje den viktigaste grunnen til at eg tok eit års permisjon frå jobben min som kulturkonsulent i kommunen frå årsskiftet. Desto meir gledeleg var det då å lese i Namdalsavisa no i slutten av august:

kultursatsing1

Faksimile frå Namdalsavisa 28. august 2016

Då eg såg dette avisoppslaget, gjekk det opp for meg at tida no er moden for meg igjen. Det var nettopp dette som “sleit meg ut” i fjor – mangel på einingsleiar, og ikkje minst fråvere av samkjøring, samarbeidspartnarar og heilskap på arbeidet på eininga for kultur og fritid.

Samarbeid er nøkkelen til å oppnå gode resultat og nå mål. Og nøkkelen til trivsel på jobb. Målsetninga om at Nærøy skal vere ei av regionens fremste kulturkommuner er på ingen måte uoppnåelig. Faktisk vil eg meine – i desse kommunestrukturtider – at Kolvereid, med utgangspunkt i Kulturhuset i Nærøy bør kunne bli sjølve navet i eit kultursenter for Ytre Namdal! Men då må ein sjølvsagt ha ressursar og folk som skal gjere jobben. Det ligg godt til rette for dette no, med ein slik auke av ressursane på kulturkontoret (om ein held kulturskule og bibliotek utanom) som denne satsinga representerer!

Eg har for øvrig tidlegare hatt stor glede av å samarbeide med den nye einingsleiaren på kultur og fritid, Kari Hestad. Det var alltid givande å ta ein kaffe på kontoret til Kari på Abelværskulen før eg skulle i møte med kulturkontakten ved skulen eller før eg skulle gi informasjon til elevane hennar om f.eks. Ungdommens Kulturmønstring. Eg ser derfor no verkeleg fram til å vere kommunens kulturkonsulent igjen frå nyåret, og i samarbeid med Kari og dei andre tilsette ved eininga igjen få ordentleg trøkk i kultur- og ungdomsarbeidet i kommunen vår!

Eg kjem nok tassande i januar med massevis av idéar om musikk- og kultur-relaterte tiltak og verkemiddel i sekken. Og sjølvsagt også med ei erfaring rikare fra informasjons- og kommunikasjonsarbeid etter eit år som maknadsdirektør. Kanskje kan denne erfaringa også vere med på å løfte kultur-Nærøy til nye høgder? Eg gleder meg no verkeleg til å ta til med kulturarbeid i Nærøy igjen. Kanskje kan vi få til ein real “bandgarasje” for barn og unge i Nærøy, slik eg og Turid prata så vidt om då Turid var einingsleiar? Kanskje får vi igang ungdomsklubben på Kolvereid igjen – eit tiltak som har vore sakna av mange! Og eg har og fleire idéar om måtar kommunen kan nyttegjere seg min kompetanse og mangeårige erfaring innanfor korpsleiing, kordireksjon og organisasjonsliv generelt!

Eg veit i allefall at eg no ønsker å bruke min kompetanse, min energi, mitt engasjement og min person til å bidra til at både mine born og alle andre born og unge i kommunen vår kan få ein smak av det eg fekk oppleve i min oppvekst. – Fordi det er kultur eg elskar!

oyvind-conductor

-Øyvind